10- år Leir i haustferien for 5.trinn


Bli med på leir! 9.-11. oktober på Vaulali!
 

 

Strand kyrkjelyd inviterer alle 5.klassingar i Strand sokn til leir på Vaulali i haustferien.
Årets leir er 9.-11. oktober, med oppstart søndag kveld kl.18 og slutt tirsdag kl.14.30

Pris kr 1050

Betaling kan ein gjere via Vipps til Strand kyrkje, Tau  #80635 eller til konto 32053002233.

Merk med namn på barnet.

Brosjyren 
 
 
Leirarbeidet vårt for 5.trinn er innmeldt som leirklubb i Acta/Normisjon. Det er dei som eig Vaulali. Det utløyser frifondmidler frå staten og hjelper oss å lage betre leirar. Me får støtte per betalande medlem, og leirkontingenten blir rekna som medlemskontingent. Dette er frivillig, gi beskjed viss du ikkje vil at barnet ditt skal stå som medlem i Acta dette året.

Tema er om Bibelen; gjennom undervisning, film, sporleik og drama lærer me kva Bibelen handlar om, og korleis me kan bruke det.
Me lærer og om misjon.


     



        
 

Tilbake