4 år- Kyrkjebok, fest og gudsteneste
4 år- Kyrkjebok, fest og gudsteneste
4 år- Kyrkjebok, fest og gudsteneste

Neste gudsteneste med utdeling av 4-årsbok blir 20.oktober 2019

Fest i kyrkja torsdag 17.oktober kl 17.00 - 18.00 i Strand kyrkje for 4-åring med foresatte.

Familiegudsteneste søndag 20.oktober  kl. 11.00 med utdeling  av kyrkjebok til 4-åringar.

Alle som fyller 4 år hausten 2019 er velkomne til Fest i kyrkja og gudsteneste med utdeling av kyrkjebok. Utdelinga skjer på familiegudsteneste i Strand kyrkje og med Fest i kyrkja torsdagen før.

Dei som ikkje kan koma på torsdagen, kan koma til gudstenesta ca. 10.45 så barna kan registrerast og få namnet sitt i boka.

Etter gudstenesta er  det kyrkjekaffi bak i kyrkja med kaker, saft og kaffi.

Barna skal bli betre kjent i kyrkjerommet, høyra ei bibelfortelling og få syngja saman. Me avsluttar samlinga med mat.

På grunn av maten, treng me påmelding til festen, innan 15.10.

Barn som er medlem i kyrkja vil få invitasjon i posten, men alle er velkomne til å delta

 

PÅMELDING TIL FEST I KYRKJA  HER

På gudstenesta kan de møte opp utan påmelding, men kom i god tid for registrering.